Kristin tar sin tredje fagskoleutdanning hos oss.

Kristin har studert både Migrasjonshelse og Velferdsteknologi tidligere. Nå studerer hun Hverdagsrehabilitering. Ved siden av nettstudiene, har hun en 100% stilling i Vik kommune.

Du er på din tredje utdanning hos oss, kan du fortelle hvorfor du valgte disse studiene?
Velferdsteknologi kjem meir og meir innan helse, eg blei oppfordra av min arbeidsgivar til å ta dette studiet slik at kommunen hadde nokon som var utdanna innan dette faget. Det same gjelder også Hverdagsrehabilitering. Dette kjem også meir og meir innan helse og me ser at dette er heilt nødvendig kunnskap å ta med seg vidare. Migrasjonhelse blei litt slik «på sparket» – kommunen tok sikkert imot litt for mange flyktningar utan at me hadde eit godt nok system på korleis me skulle hjelpe dei. Så eg googla litt rundt om eit opplegg for «våre nye landsmenn», og kom over Migrasjonshelse. Veldig nyttig studie!

Kristin student
Kristin kombinerer studiene med en 100% stilling i kommunen.

Hva er drømmejobben din?
Drøymejobben? Det veit eg rett og slett ikkje. Eg tykkjer eg har det veldig greitt slik eg har det no. Om nokre år, så skulle eg kanskje ønskje at eg kunne ha vore med på å få fleire til å utdanne seg innan helse. Motivere dei som er på skulen og skal velgje utdanning til å prøve helse.

 

Hva vil du si til andre som vurderer studiene migrasjonshelse/velferdsteknologi/hverdagsrehabilitering?
Søk! Du vil ikkje angre på å ta desse studiane. Du lærer mykje nytt og kan sjå ulike utfordringar på ein ny måte. Og eg har fått auka lønn etter desse studiane!

 

Hva er det beste med å være nettstudent?
Det å vere nettstudent er veldig greitt sidan eg har 100% jobb utanom og kan ta studiet litt slik det passar meg, men sjølvsagt må ein holde alle innleveringsfristar.

 

Kristin tar fleksible nettstudier hos oss
Kristin liker at nettstudiene gir mulighet for å studere når det passer henne.

Hvordan strukturerer du hverdagen din?
Eg ser over kva datoar som er sett opp til eksamen, og gjer innleveringar i god tid før, slik at eg er heilt sikker på at alle innleveringane er godkjend til eksamen. Eg les helst før seinvakt- då er eg mest opplagt og mest konsentrert, men eg les ikkje kvar dag. Eg har ei notisbok der eg skrivar opp viktige notata. Og nokre kveldar før eksamen, så les eg over alle notata og finner fram alt eg veit eg kan trenge på eksamensdagen.

Har du noen råd til andre som vurderer nettstudier?
Søk nettstudiar! Det er veldig greitt, men ein lyt legge ned ein del jobb og fokus om ein skal klare det. Det er ikkje berre å melde seg opp til eksamen. Ein må jobbe på same måte som ved ein vanleg skule, men ikkje til faste tidspunkt.

Eg vil framheve faglærarane! Dei er veldig flinke med tilbakemeldingar, motivere og er raske med svar. Nettsida er også veldig oversiktleg og grei for å finne all info, og er det noko ein ikkje finner så er det alltid ein lærar som finner infoen til deg med det same!

Vi ønsker Kristin masse lykke til videre med studiene!